|
Lengst vest i havet i Flora ligg
øya Kinn med ei flate på 7,3 kvadratkilometer. Ho er
fjellkledd med høgste punktet på 315 meter. Lengst i vest
ligg den vidgjetne Kinnaklova, eit viktig siglingsmerke
gjennom uminnelege tider. Inn forbi Kinnaklova, inst i
Høgskardvågen ligg Kinnakyrkja, ei svært vakker
steinkyrkje i romansk stil. Utvendig måler koret 7,20 m x
7,65 m, medan skipet er 10 m x 17,70 m. Totalt er kyrkja
altså 25,35 m lang.
Vegghøgdene inne er 4,60 m i koret og 5,90 m i skipet.
Alderen på kyrkja veit ein ikkje for sikkert, men i 1911-12
vart det gjort store restaurasjonsarbeid, og den kjende
arkitekten Berner gjorde noggranne studiar av konstruksjon
og byggemåtar. Han fann overtydande prov for at skipet er
bygt mykje seinare enn koret, kanskje så mykje som opp mot
200 år. Skipet viser den vanlege byggemåten for kyrkjer i
MellomalderNoreg, medan koret er bygt som Moster kyrkje, og
kyrkja som i si tid stod på Selja. Desse vert tidfesta til
før år 1000.
Kinnakyrkja er uvanleg vakker og stilfull, og utmerker seg
med at vi her finn bevart verdfullt inventar frå
mellomalderen. Mest kjent er lektoriet som møter oss straks
vi går inn i kyrkja, eineståande i Skandinavia. Det er eit
galleri som går tvers over austveggen i skipet. Utskore i
tre finn vi Jesus med dei 12 apostlane, flanka av to
basunenglar. Frå dette lektoriet har dei lese opp
evangeliet, og kanskje gjeve viktige meldingar til
kyrkjelyden.
I opphavet har lektoriet vore vakkert måla, men i dag er det
mest ingenting att av dette. Etter eit nøye
restaureringsarbeid i nyare tid er øydelagde og manglande
delar blitt erstatta, og resten ettersedd og pussa. Såleis
er det trefargen som no dominerer. Lektoriet tidfester dei
til om lag 1250, og siste forskinga trur at det er inspirert
av den engelske kunstnaren Mattew Paris som vitja Noreg på
dei tider.
Eineståande for protestantiske kyrkjer er også dei tre
helgenfigurane frå katolsk tid. Norske kyrkjer vart stort
sett renska for slike under reformasjonen. Dei tre er Sta.
Barbara, Sta. Katarina og Maria Magdalena. I den folkelege
tradisjonen er desse tre gått over til å bli dei tre
søstrene vi høyrer om i segna om Kinnakyrkja.
|