English      Deutsch      Francais                                                                                                                                                                 Logg inn
 
 
   Kinnaspelet  -  Songen ved det store djup
 

   19. og 20. juni 2010

 
 
 
  Startsida
  Om Kinnaspelet
  Kinn og Kinnakyrkja
  Bilete og video
  Praktiske opplysningar
  Programmet
  Billettinformasjon
  Kontakt oss
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Kva det handlar om
 

Innføringa av reformasjonen i 1537 er ramma kring spelet. Kongens fut kjem med bod om dette til Kinn. Samstundes gjer han kjent at alt kyrkjegods er annektert av krona, og at Noreg er gjort til lydrike under Danmark. Inn i dramaet er det lagt eit spel i spelet, der vi får ei framstilling av korleis Sunniva laut røme frå Irland for å sleppe unna den vonde vikinghovdingen Ramn.

Ho driv i land her på kysten og vert St. Sunniva av Selje. Legender og historie dannar miljø og bakgrunn. Men nerven ligg like mykje i ålmenne konfliktar: Tru og tvil, håp og mismot, kjærleik og svik, opprør og undertrykking.

Songen ved det store djup - vert framført like ved den gamle Kinnakyrkja, ja, kyrkja vert aktivt brukt i stykket. Den mektige naturen med stupbratte fjell og storhavet i vest rammar på ein fantastisk måte inn spelet og gjer det til ei ugløymande oppleving.

 


 

Kinnaspelet - Historikk og bakgrunn
 
I 1980 fekk sokneprest Odd Stubhaug den ideen at det måtte vere positivt å få til eit sogespel med bakgrunn i legendetradisjonen om heilagmennene som slo seg ned på Kinn for meir enn tusen år sidan, og segnene om korleis Kinnakyrkja vart bygd. Kinnakyrkja er eit av dei viktigaste og vakraste fornminne vi har i Noreg, og var til då ukjent for dei aller fleste. Eit sogespel ville trekke folk til Kinn, slik at dei kunne verte kjende med den kulturskatten vi har her ute.

Stubhaug sette seg i samband med Sogn og Fjordane Teater, og forfattaren Rolf Losnegård fekk i oppdrag å skrive stykket. Slik vart Kinnaspelet eller "Songen ved det store djup" til. Premieren var sommaren 1985, sett i scene og instruert av Anne Gullestad. Eit stort oppbod av profesjonelle, amatørar, kor og statistar var med, og framsyningane vart frå første stund av ein publikumssuksess.

Åra har synt at Kinnaspelet har livsrett, stadig fleire finn vegen til Kinn for å vere med på ei eineståande teaterframsyning. Rolf Losnegård har her skapt eit storverk, godt hjelpt av komponisten Per Janke Jørgensen, som har laga den vakre og karakteriserande musikken.

Teksten er skriven av Bjarte Sindre og henta frå boka "I ramnens skugge" av Rolf Losnegård.
 
 

Velkomen til Kinnaspelet 19. og 20. juni 2010