|
|
| |
|
Reisa frå Florø til Kinn |
|
|
|
Transporten skjer med 4-5 raske passasjerbåtar
som går
frå Fugleskjærskaia (hovudkaia i Florø). Desse har ikkje
faste rutetider, men går med ein gong dei er oppfylte. På
kaia fins ein stor parkeringsplass som også bussar kan nytte. Båtturen tek kring 25 minutt. På Kinn er det ein
kilometers gange på flat veg.
Dei første framsyningane kvar dag har samla mest folk
tidlegare år. Difor er det kortare ventetid på kaiene og
betre plass på Kinn ved dei siste framsyningane.
NB! På Kinn er det bilskyss for rørslehemma. |
| |
| |
|
Direktebåt Bergen-Kinn
laurdag
19.
juni
2010 |
|
|
|
Opplev strålande kystnatur og gripande teaterframsyning
på øya Kinn utanfor Florø. Turen vert med ein av Fjord1
sine
hurtigbåtar.
Avreise frå Strandkaiterminalen i Bergen kl. 08:00. Ein
tek sikte på vere attende i Bergen omlag kl. 20:00.
Alt dette får du for berre kr.
950,-.
Det er framleis ledige plassar. Ta kontakt snarast råd
dersom du ynskjer å vere med.
Kontakt oss for meir
informasjon. |
|
| |

|
Tilrettelegging for synshemma |
|
|
|
Kinnaspelet
er tilrettelagt for synshemma, etter eit vellykka
prøveprosjekt i 2005. Tilrettelegginga er av forskjellig
art. Ein tilbyr mellom anna gratis ledsagar på kaia i Florø
og på Kinn, reserverte plassar og synstolk under spelet. Det
er også mogeleg å bli frakta i bil frå kaia på Kinn til
kyrkja (ca 1 km). Det er utarbeidd brosjyre i storskrift.
Kontakt oss
dersom du har behov for synstolk eller ledsagar til
Kinnaspelet. |
|
|
|
|
|
Kle dykk etter vêret |
|
Hugs at du er
langt til havs, særleg nordavinden kan vere kald her ute.
Varme kle og godt skotøy er difor viktig dersom vêret ikkje
er det aller beste. Kinnaspelet har vore velsigna med mykje
godt vêr, men det har også vore gjennomført framifrå
framsyningar i regnvêr. Om det skulle komme regn i 2006, vil
Kinnaspelet likevel bli framført. Det blir berre ei litt
annleis oppleving. |
|
|
|
|
|
Pakketilbod |
|
|
|
Fjord1 Fylkesbaatane
arrangerer turar (med eller utan overnatting
i Florø) frå Bergen i samband med Kinnaspelet. Også frå
andre stader vert det arrangert fellesreiser, og
overnattingsstadene i Florø har tilbod i alle prisklassar.
Sjå lokalavisene,
spør på reisebyrå eller hjå Fjord1 Fylkesbaatane.
For rutetider gå til
www.ruteinfo.net |
|
|
|
|
|
Velkomen til
Kinnaspelet
19.
og
20.
juni
2010
|
|