Nytt i år

Kostymefornyinga fullført i 2022.

Kinnaspelet har store grupper aktørar på scena. Utanom dei fem profesjonelle skodespelararane, er det bygdefolk, vikingar, futens menn og munkar, rundt 160 til saman.


Fornying av kostyme til desse guppene har gått føre seg gruppevis sidan 2010. Ein har gått frå 80-talet sin kostymetradisjon,  til meir tidsrette kostyme som er tradisjonen no. Karel Hlavaty sto for den opprinnelge designen.


I år er denne fornyinga ferdig. Dei to siste gruppene som har fått nye

kostyme er  futens menn (danske soldatar)  og bygdefolket; og alle

gruppene har no tidsrette kostyme. Ein profesjonell designer har gjort grrundig historisk research og ut frå den tilpassa design, fargar og stoff til spelet, scenografien og naturen på Kinn.  Kostyma  er sydd lokalt på dugnad .

Kostyma til dei profesjonelle skodespelarane er designa  av  Åse Hegrenes  og Rakel Melvær Berge  har utforma munkane og vikingane sine kostyme. 


Direktebåt frå Bergen, Knarvik ...

Bergensbåten har avgang frå Strandskaiterminalen klokka 08.00 lørdag. Videre er det stopp på Knarvik kai 0830 og Vardetangen. Retur frå Kinn er lørdag 16.30. Innleigd ekspressbåt gjør denne turen. Alle som har bestilt billett med Bergensbåten vil få ein epost med informasjon siste uken før spelet tek til med info om reiseleiar, oppmøtetid og likande. 


Rognaldsvåg

For gjester i båthamna i Rognaldsvåg og dei som bur der vil vi sette opp turer med liten taxibåt. Det vil komme eit opplegg med faste tider. Andre tider kan avtalast, men då kun på epost til kinnaspelet@gmail.com 


Kinn

Dei som alt er på Kinn og som ikkje skal nytte seg av Kinnaspelet sine båtar kan kjøpe kun teaterbillett. Desse kan ein også få kjøpt i kiosken på Kinn. Alle andre bør kjøpe billett på førehand. 

KJØP BILLETTER HER