Kinn og Kinnaspelet

EIT SPEL MED TRADISJON OG FORNYING

 

Både norsk og europeisk historie blir gjenskapt kvart år på Kinn, denne vesle øya rett vest for Florø, med sin særeigne natur og historie, omspunne av myter og sagn. Sokneprest Odd Stubhaug (1942 - 2016) hadde ideen. Rolf Losnegård skreiv stykket, og Per Janke Jørgensen sette musikk til.


For 36. året  blir det Kinnaspel, ved den gamle middelalderkyrkja på Kinn. Over 100.000 publikum har så langt sett spelet. Heilt frå urpremieren i 1985 har ”Songen ved det store djup” utspelt seg her ute mot storhavet. Eit naturleg amfi mellom kyrkja og bergveggane med plass til fleire tusen menneske, gjev rom for dramatiske scener. Handlinga er henta frå reformasjonsåret 1537, då den danske futen ein dag kom til Kinn, med kongens påbod om å ta imot den lutherske læra. Dramaet spinn seg også attende til tidleg middelalder, då "heilagmenn" frå Vesterhavsøyane og Irland kom på kristningsferd til Vestlandskysten. Sentralt står den kjende St. Sunniva-legenda, med irske prinsesser som rømde frå vikingane sine herjingar der, og let seg drive over havet ”i båtar utan segl og årar”. Der dei dreiv i land ein stad, ville dei i takksemd byggje ei kyrkje. I følgje segna landa prinsessa Borni på Kinn, og fekk bygd ei kyrkje der. Sunniva kom i land på Selja,og der vart bygd eit kloster.

 











Det er sentrale historiske tidsbilde som kvart år blir gjenskapt på Kinn, ei lita øy så langt vest du kjem i Norge. I nyare tid er Kinn mest kjent for sitt ekstremt rike sildefiske rundt 1860, som var med å legge grunnlaget for byen Florø. I mellomalderen var det eit kulturelt og religiøst senter med ei av dei første steinkyrkjene som vart bygde i Noreg. Soknepresten Odd Stubhaug i Flora, fekk ideen til spelet først på 1980-talet. Forfattaren Rolf Losnegård skreiv det etter ei sommarveke åleine der ute på Kinn, med kyrkja og den overveldande naturen tett på. Musikar Per Janke Jørgensen ved Sogn og Fjordane Teater, sette musikken til.

 










I dag er Kinnaspelet mellom dei mest etablert historiske spela i Norge. Kvart år blir det sett opp rundt 70 historiske spel i Norge. Men det er berre knapt 50 som har kapasitet til oppsetningar kvart år. Mellom desse er ”Songen ved det store djup” eit av dei eldste etter Stiklestadspelet. Kinnaspelet er blitt ein tradisjon og årleg attraksjon i Ytre Sunnfjord. Eit slikt solid kulturelt etablissement kjem ikkje av seg sjølv. Stort pågangsmot, formidabel dugnadsinnsats og oppfølging av lokale sponsorar, er nokre av suksessfaktorane. Men også kunstnarleg kvalitet og fornying er viktig for eit langt spelliv. Sogn og Fjordane Teater har heile vegen vore kunstnarleg ansvarleg, og ein solid medspelar. Odd Stubbhaug (1942 - 2016), leiar av hovudkomiteen i alle år fram til 2015, er kalla "Kinnaspelet sin far." lHan a vekt på at dette samarbeidet har vore ein føresetnad heilt frå starten, for å sikre kvalitet og kontinuitet.   

 












                                      Odd Stubhaug                                                                     Anne Gullestad

Mange instruktørar

 Det var teatersjef Anne Gullestad som hadde regien dei første 13 åra, og sette sitt varige og personlege preg på spelet, så tydeleg at ho lokalt fekk tilnamnet ”Kinnaspelet si mor”. Etter dette har fleire instruktørar kome og gått, alle med nye idear og løysingar, som i ulik grad har fornya og vitalisert spelet vidare fram til i dag. Etter Anne Gullestad hadde forfattaren sjølv, Rolf Losnegård, regien eit par år. Deretter kom Trond Lie, Mette Brantzeg, Agnete G. Haaland, Trond Birkeland, Bodil Kvamme, Miriam Prestøy Lie - saman med koreograf Kristin Rygh Helgebostad. Teater Vestland har lagt vekt på å engasjere nye instruktørar regelmessig, nettopp for å skape vitalitet og utvikling. I 2019 overtok Oda Alisøy stafettpinnen som instruktør og ho hadde regien fram til og med 2023. I 2024 er det teatersjefen ved Teater Vestland, Celilie Grydeland Lundsholt som skal ha regien saman med Anethe Alfsvåg.