Kinnaspelet
Postboks 111
6901 Florø

E-post: kinnaspelet@gmail.com

Telefon:57 75 25 30 Telefaks:57 75 25 31 Mobil:918 86 264
   
   
   

Program 2012

Mindre endringar kan komme
 Laurdag 18.juni 
13.00: Historisk vandring
13.00: Avreise frå Florø,  
           familietur
13.00: Songen ved det store djup
14.30: Omvisning i kyrkja
15.15: Konsert
16.30: Songen ved det store djup
18.00: Kveldsbøn
   
Søndag 19.juni
11.00: Gudsteneste
13.00: Historisk vandring
13.00: Avreise frå Florø,
           familieaktivitetar
13.00: Songen ved det store djup
14.30  Omvisning i kyrkja
15.15: Konsert
16.30: Songen ved det store djup
18.00: Kveldsbøn

Nytt i år

Godt over 2000 såg eit vellykka Kinnaspel i 2011

Fine dagar og eit vellykka Kinnaspel, drog godt over 2000 publikum til Kinn. Ikkje ein regndrope på nokon av framsyningane, men gråvær og regn laurdag morgon skremde truleg vekk nokre. Årleg snitt publikum er nærmare 3000 gjennom 27 år - eit stykke igjen til dei solrike Kinnaspeldagane på 80- og 90-talet
Les meir »   01.06.2011

Rollelista i 2012

Mange endringar på rollelista til dei 5 profesjonelle rollene. Bjarte Hjelmeland skal spele fut. Agnete G. Haaland kjem tilbake i Kinnaspelet, no som Margrete prestefrille. Kyrre Eikås Ottersen går over i rolla som prest, og Lars Berge overtar rolla som Tarve og vikinghovding Ramn. Oda Alisøy spelar Borni som i 2011.
Les meir »   22.05.2011

RSS
...
RSS

Kinnaspelet - i tekst og bilde

Her finn du ein PowerPoint med bilde og tekstar frå Kinnaspelet.

Dersom du ikkje får fram presentasjonen kan du laste ned PowerPoint viewer her:
Webansvarleg: Oddvar Isene
Layout: Leiv-Arne Øien

Nye skodespelarar til Kinnaspelet

Både avtroppande og påtroppande teatersjef ved Den Nasjonale Scene inntar utescena på Kinn til sommaren. Bjarte Hjelmeland blir den nye futen. Den nye teatersjefen, Agnete Haaland, som spelte Borni i 15 år frå starten, overtar no rolla som prestefrille, etter Gro Ann Uthaug. Lars Berge overtar rolla som Tarve.

Velkommen til Kinnaspelet 2012

Sidan premieren i 1985 har over 80 000 personar sett Kinnaspelet. Spelet har vore framført 27 år på rad, og vi er i gang med planarbeid til det 28. spelet i 2012. Alt no ønskjer vi derfor velkommen til Kinn og "Songen ved det store djup". 16.-17. juni 2012!

Gjennom 27 år utan avbrekk og utan ei einaste avlyst framsyning, har Kinnaspelet vore framført mellom bergveggen og steinkyrkja på den vesle øya Kinn lengst vest i Noreg. Kinn Sokneråd og Sogn og Fjordane Teater ønskjer både gamalt og nytt publikum velkommen til nye framsyningar 16. og 17. juni 2012.

Kinnaspelet er ei oppleving det ikkje finst maken til: Det naturlege lune og lydvare amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe - ja, berre båtreisa ut gjennom øygarden gjer Kinnaspelet til noko ein ber med seg i lang tid.

Les her
 om korleis Kinnaspelet vart til, og korleis legendene vart "levande".


Teksten til "Songen ved det store djup" er skriven av Rolf Losnegård.
Musikken er laga av Per Janke Jørgensen.
Spelet er framført av ca. 160 amatørar og 5 profesjonelle skodespelarar.
Instruktør i 2010 og 2011 var Bodil Kvamme.

Kinnaspelet er meir enn teater i havgapet

- Det er også ei reise gjennom Floraskjergarden, til ei øy med ein særeigen natur, og ei spanande kulturhistorie.

Sponsorar

 


Hovudsponsorar
 
 








Andre som støttar Kinnaspelet

Reiseruter til Kinnaspelet

Alternativ for reise og overnatting

Til Florø og Kinnaspelet kjem du lett med både fly, båt, buss og privatbil. Reiser du kollektivt, sjå lenker til rutealternativ ovafor. Brukar du privatbil, må du køyre om Førde eller Nordfjord.
Les meir »   04.06.2011

RSS