Info

Kontaktinfo til Kinnaspelet; 
E-post: kinnaspelet@gmail.com

For spørsmål om spelet, båtvaganger og billettar o.l. kan de ringe Kinn kyrkjekontor på 48100481 eller sende mail.


For turistinfo om overnatting i Florø, kommunikasjon til og frå byen, andre attraksjoner m.m.: ta kontakt med
Fjordkysten 57743000


Reisa til Kinn går med raske passassjerbåtar frå kaia i Florø. Båtturen tar ca 25 minutt, og på Kinn er det 1,2 km  å gå på relativt flat veg. Har du vanskar med å gå så langt, vl det vere gratis skyss frå kaia til spelstaden. Det kan vere litt tid å vente på bil, så ta det med i berekninga når du vel båtavgang i Florø.


Mat og suvenirar

På Kinn kan du få kjøpt mat, suvenirar og bøker knytt til Kinn og Kinnaspelet i kiosktelt ved kyrkja.  Du  kan betale med kort og vipps


Kle deg etter veret

Sommarveret på Kinn er ofte betre enn inne på fastlandet, med meir sol og mindre regn, og Kinnaspelet har hatt mykje godt ver med framsyningar i strålande sol. Men dette er   ute ved havet, og særleg nordavinden kan vere kald. Ha derfor med varme kle i sekken, gjerne noko vindtett, og hugs godt skotøy. Veret kan sjølvsagt variere, og Kinnaspelet i dårleg ver er også ei mektig oppleving - viss ein er godt kledd.