Kinnaspelet si historie

KINNASPELET BLIR TIL


Ein luftig tanke blir til historisk spel


”Stubhaug vil ha historisk spel på Kinn” stod det å lese i Firdaposten i 1979. Dermed var ein lokal kulturhistorisk prosess sparka i gang. Laurdag 16. juni 2018 kan vi sjå den 34. premiera på Kinnaspelet, som på slutten av 70-talet berre var ein luftig tanke hos soknepresten i Kinn, Odd Stubhaug (1942 - 2016). Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og best etablerte historiske spela i Norge. I 2010 fekk Odd Stubhaug, Kongens fortenestemedalje for innsatsen.


Odd Stubhaug (1942 - 2016) starta prestegjerninga i Kinn i 1974. Ein solsøndag på våren same året hadde han første gudstenesta på  Kinn. Denne dagen var og Sanitetslaga i Sogn og Fjordane inviterte med, då  dei hadde årsmøte i Florø. I dette første møtet med den unike gamle kyrkja i dette fascinerande landskapet, slo det han at her burde det bli noko meir enn berre vanlege gudstenester. Etterkvart var det få fastbuande som sokna til den gamle kyrkja, og det kunne gjerne skapast meir aktivitet som drog folk hit frå andre stadar.

 

Han sådde ideen hos soknerådsleiar Sigurd Vederhus, og dei starta med å feire Olsok 29. juli, og med Seljemannamesse  8. juli på kvelden. Dette var ein tradisjon som hadde rot heilt attende til den tida kyrkja var bygd. Dei annonserte i lokalavisa, sette opp båtskyss, og fekk med seg song- og musikk-krefter, som kunne skape litt ekstra. Alltid var det omvising i kyrkja etter messa. Både olsokfeiringa, og Seljumannamessa gav god respons mellom folk, og blei årviss.  Fleire tilbod kom til, biskopar vart invitterte til å halde foredrag og gudsteneste.  I 1978 vart det laga til ei historiehelg på Kinn, der biskop Birkelid heldt foredrag om kristninga i Norge, og om steinkrossane  på Vestlandet, to dagar med foredrag, konsert på laurdag og gudsteneste på søndag.

 

Frå ide til handling

Etter kvart kom det og folk frå stadar utanom Florø, og mange vart fascinerte av både naturen og den gamle kyrkja. På eit slikt arrangement i 1979 kom journalist Rolf Orheim i lokalavisa Firdaposten og spurde, ”Kva tenkjer du no vidare Odd”? Han fekk som svar at no hadde dei prøvd konsertar nokre år, men det fanst også andre kunstformer i Sogn og Fjordane. Kanskje kunne det lagast tekstar eller tidsbilde frå Kinn, framført av proffe folk frå det nystarta regionteateret. Kanskje kunne ein hente opp noko tidstypisk frå reformasjonen, eller 1100-talet. To dagar etter stod det i Firdaposten: ”Stubhaug vil ha historisk spel på Kinn”.

 

Dette var nok eit spark, som fekk snøballen til å rulle. Odd gjekk til soknerådet og spurde om lov til å tenke vidare og kontakte Sogn og Fjordane Teater. Teatersjefen Anne Gullestad var svært positiv. Som ny i jobben var ho på leiting etter regionteateret si rolle, og ho ville gjerne få fram nye tekstar. Norsk Kulturråd fekk søknad om midlar til å leite etter stoff, og soknerådet fekk 25 000 kr til prosjektet. Fleire tekstforfattarar vart inviterte til møte, mellom dei Rolf Losnegård. Han tok på seg jobben, og kom i gang med arbeidet ut på våren 1980. Manuset vart ferdig hausten 1984, og tanken var urpremiere i 1986. Men Florø by hadde 125 års jubileum i 1985, og då sat pengane truleg litt lausare enn elles. Kanskje det ville passe med ei lita jubileumsgåve til Florø by? Mykje måtte i så fall ordnast på svært kort tid.

 

I januar 1985 var vi på Kinn saman med Karel Hlavaty, flyktningen frå Tsjekkoslovkia, som hadde lang røynsle som scenograf i heimlandet, fortalde Stubhaug. Anne Gullestad som kjente han godt, hadde greidd å hyre han inn til jobben. Til Kinn kom han i småsko vinterstid, så dei måtte innom S-lage og kjøpe ullsokkar.  Karel teikna mellom anna dei karakteristiske gudefigurane som kjem inn med vikinghæren og relieffa til vikingskipa nede ved stranda. Han laga skisse på scene og plassering i forhold til kyrkja og gravplassen. No vart det ei hektisk tid med mykje dugnadsarbeid. Scene skulle byggjast, kostyme syast og rekvisittar skulle lagast, til om lag 100 aktørar på scena. Vidaregåande skule bygde scena, saman med fleire dugnadsfolk. Familien Berge var tungt engasjerte i arbeidet med rekvisitta og sying av kostymer.  Litt jobb var det å samle folk som kunne vere med i spelet, men det gjekk likevel relativt raskt. Øvingane til urpremiera tok mange veker, først på Vidaregåande skole , og deretter i over ei veke på Kinn. Ei utfordring var det å organisere transporten den gongen. Båtane tok om lag dobbelt så lang tid på turen til Kinn den gongen, og vi visste ikkje kor mange som ville komme til dei første framsyningane. Men båtførarane var fleksible, hjelpte til og gjorde sitt beste.

 

Dramatisk start

Ei veke før urpremiera fall skodespelaren i hovudrolla, Gerald Pettersen, saman under øving på Kinn. Han fekk hjernebløding, og måtte fraktas i all hast med helikopter til Bergen. Heldigvis var det to legar med mellom aktørane, og kunne handle raskt. Gerald fekk tidsnok hjelp og hadde ein vellukka operasjon. No var ”gode råd dyre”. Men forfattaren Rolf Losnegård, som kjende replikkane ut og inn, tok på seg rolla, og øvingane kunne gå vidare til urpremiera 5. juli.

 

Store utfordringar

Vi var ikkje så flinke til å sjå alle hindringane som kunne dukke opp, det vart mest fokus på å finne praktiske løysingar under vegs. Mykje skulle klaffe, ikkje mist med transport av så mange menneske til og frå Kinn. Det gjekk litt på ”hogg og belegg” dette første året. Ei stor lukke var det fine været vi hadde, både dette året og vidare i fleire år framover. Folk tok det med ro og koste seg i sola, sjølv om det var litt ventetid og ikkje alt gjekk på skinner, fortalde Odd.  Ikkje minst var økonomien eit slit. Store investeringar måtte til, både i scene og utstyr. Det blei minus 40 000 første året, og då var alle investeringane tekne med. Men alt året etter var budsjettet i balanse, og gjelda var betalt. Det fine været var ikkje berre til velsigning, somrane var så tørre at det var vanskeleg med ferskvatn på Kinn. Difor mått vi pumpe opp sjøvatn til toaletta. Nevenyttige karar mellom aktørane ordna dette.

 

Økonomien og været har heile vegen vore ei utfordring.  Det heng nøye saman. I godt og stabilt vær før og under spelet, er det lett å få folk til Kinn. Men i ustabilt vær med litt vind, og regnbyer i horisonten, blir nok mange ”skremde” vekk. Vi opplever ofte at det kan vere godt spelevær på Kinn, medan det regnar inne i fjordane. Det er nok eit værfenomen som særleg høyrer sommaren til. I alle fall har vi aldri måtte avlyse framsyningar , på grunn av været eller andre årsaker.  Alle åra sett under eit har økonomien balansert, nokolunde. Men vi har måtte sette tæring etter næring, og utan den ekstremt store dugnadsinnsatsen både på og bak scena, ville vi aldri greidd å halde det gåande. Det er og viktig å nemne den økonomiske støtta vi har fått frå lokalt næringsliv, gjennom annonser og sponsormidlar. Det har vore ein stor del av budsjettet.

 

Ei stor utfordring vi fekk etter urpremiera, var sceneanlegget.  Riksantikvaren ville ikkje høyre snakk om at dette skulle ligge der. Det måtte vekk, og eventuelt setjast opp igjen om vi skulle ha spel der seinare år. Det vart mykje fram og tilbake før vi endeleg fekk lov til å la det ligge. Dette var ein viktig føresetnad for å greie årlege framsyningar.

 

Rike minner

Sommarkveldar med sol og varme på Kinn har brent seg fast i minnet. Odd overnatta nokre gonger under spelhelga, og kunne roe ned med litt vandring rundt i naturen og kulturlandskapet, sitje i kyrkja, og ta inn over seg dei sterke inntrykka frå dagen. Det har vore mange ”gylne øyeblikk”, mellom anna då publikum kom i ein lang straum til urpremiera. Presteordinasjonen under eit av spela var og ei stor oppleving – ei jente som hadde levd si barne- og ungdomstid med Kinnaspelet, valde prestegjerninga som si livsoppgåve.

 

Når Odd såg tilbake på alle desse åra med samarbeid med ulike menneske, har det vore ei lang rekke med  dyktige og gåverike personar,  som han hugsar. Det var møte med Anne Gullestad, den omsorg ho viste, og oppmuntring  ho gav alle når dei skulle ut på scena. Det var alle personane  vi hadde til å opne spelet, og ha gudsteneste – mange budde hos oss, og gav oss rike minner, foralde Odd.  Han framheva det gode samarbeidet med teateret, som var heilt avgjerande for å skape kvalitet.

 

Samhald og familiekjensle

Odd framheva også den kollektive opplevinga med alle andre i spelet, ei slag familiekjensle som han visste mange opplevde, og som er verdfull å ha med seg. Han har sett at mange veks som personar, når dei opplever å meistre noko i dette fellesskapet. Kinnaspelet skapar lyst og interesse, kanskje også til ei yrkeskarriere for nokre. Men berre fellesskapet der foreldre, barn og besteforeldre har vore saman og gjort noko av dei same tinga, såg han på som verdfullt.

 

Kongens fortenestemedalje

Kom heilt overraskande på Odd Stubhaug under premiera i 2010. Det gjekk ei stund før han forstod kva som var i ferd med å skje der ute på scena, og det vart kjenslemessig ei sterk oppleving. Særleg at det vart gjort i denne settinga, under ei premiere. I ettertid har han opplevd det som stort, og sett meir og meir pris på denne utmerkinga. Men han understreka at Kinnaspelet har vi vore saman om, og peika på alle dei mange dyktige, kreative, arbeidsvillige og positive menneske han møtte og samarbeidde med heilt frå ideen vart sådd. Utan dei hadde Kinnaspelet i dag framleis berre vore ein ide, og knapt nok det.

KJØP BILLETTER HER